søndag 19. september 2010

Novelleanalyse!


Tor Jonsson fortel i novella si "Liket" om korleis ei bygd greier å drive ein gut til sjølvmord, og om korleis forfattaren sjølv opplevde dette. No ska du få sjå litt på sjølve handlinga. Arne, som guten heitar, kjem heim frå byen etter å ha vore på sjukehuset. Han har på seg ei kvit vinterjakke, og ser ikkje ut i forhold til dei andre. Dei kallar han "liket", og forfattaren må nesten sjølv vere med på mobbinga, sjølv kor lite han vil. Novella blei skreve i 1949.


Forfattaren blir på ei måte venn med Arne, men tør ikkje alltid å stå på hans side likevel. Han var nesten meir redd for at "mordarane" skulle komme etter han. Arne blei så lei av all mobbinga, at han rett og slett tok livet av seg, sprengde seg sjølv i filler. Jonsson fortel også at han skreiv i lokalavisa om det som hadde hendt, og at bygda då var etter han, slik han frykta.


Vi ser som nemnt handlinga gjennom forteljaren sine auge, noko eg meinar e for å få teksten til å virke meir truverdig. Det heile vert meir personleg og levande av det. I komposisjonen vekslar Jonsson mellom notid og fortid. Først ei innledning i notid, deretter eit langt avsnitt om kva som skjedde den gongen, og så fram mot notida igjen. I innledninga får vi vite kva som skjedde, så når høgdepunktet kjem der Arne tek livet sitt blir det ikkje noko stor overrasking for oss. Teksten startar me å bygge opp mot nettop dette, så ein blir vel likevel litt sjokkert når ein får vite at Arne tar livet sitt ved å sprenge seg sjølv i lufta med dynamitt. Språket i novella er sterkt, noko som gjer at novella verkar meir truverdig. Mange av orda som er brukt medverkar til den litt triste, tunge tonen som passar perfekt i ei historie som dette. Bygdefolket er "mordarar" og "bygdedyret", mens ein haustdag er "gul og blodut av utbrent liv". Bygdefolket får og eit litt grusomt preg over seg når dei tek i mot Arne og kallar han for "lik". Kommentarane deire lyd slik: "Raude tunger skaut rygg bak svarte tenner". Alt dette byggar opp rundt biletet av ei bygd som ikkje tåler andre enn seg sjølv. Kjem det nokon som er annleis til bygda, prøver dei med andre ord å bli kvitt det problemet. Hovudpersonen i novella er forteljaren, "eg". Han har som sagt også ein synsvinkelen i novella. Forteljaren blir skildra innanfrå, som om han er med i historia. Vi får vite kva han tenker og gjer frå hans synspunkt. Dei andre blir skildra utanfrå. Dette kan ha ein viss virkning på forholdet "eg" mot bygda, dette ville nok ikkje stått så klart fram dersom det hadde blitt brukt ein annan måte å skildre personane på. Forteljaren endrar seg litt i løpet av teksten. Frå å vere feig og redd til å vere annleis, får han auga opp på slutten av novella. Då er han uredd, og tek risikoen ved å stå fram. Han kan ikkje leve lenger med feigheita og frykta, sjølv om han veit at bygda vil reagere sterkt. Arne, går også gjennom ei viss endring i novella. Han blir til slutt så desperat av all mobbinga og galskapen i bygda at han tek livet av seg sjølv.


Miljøet rundt om i bygda betyr svært mykkje i denne novella. Ved bygdefolket er miljøet nærast ein tredje "person", sidan alle dei andre er mot forteljaren og Arne. Det er eigentleg dei som drep Arne, og det er dei som glefsar etter forfattaren. Dei personlege og sosiale forhold i historia er eigentleg lagt vekk, mens hat og raseri er rettet mot forteljaren og Arne. Bygdefolk fremstår meir som frastøtande og hissig enn snill og god. Det er ikkje nemnt spesielt mykkje om forholdet til bygdefolket seg imellom. Det oppstår berre eit motsetningsforhold dersom ein eller annan finn på noko som ikkje er allment akseptert.


Dette heng veldig mykkje saman med temaet i teksten. Novella handlar etter mi meining om sjalusi og raseri om nokon ser litt anneledes ut. Du må for all del ikkje prøve å vere annleis enn den store forsamlinga, det er det novella med andre ord handlar om. Og å forsvare ein som har utfordra "systemet", er og livsfarleg. Det ser ut til at forfattaren har eit ønske om å få slutt på dette. Forteljaren i starten av novella er feig, og følgjer bygdefolket, men blir vidare i historia mer uredd og tør å stå frem for det han meiner sjølv. Personleg meiner eg at Jonsson har ganske rett, nordmenn er litt feige av seg. Vi er misunnelege, og i staden for å vere nysgjerrige på nye og ukjente ting, angrip vi heller dei som om dei var farlege. Dette gjeld både småting som jakka og større ting som rasisme. "Du må for all del ikkje tru at du er betre enn oss!"

Peace out ! - Sondre Tha Man

mandag 13. september 2010

Norges mest sette blogg

Jeg skal vurdere Voes blogg. Jeg personlig vet ikke helt hva som kjennetegner en god blogg, men jeg vet det når jeg ser en. Det finnes mange gode blogger, men jeg valgte Voes blogg fordi den er Norges mest sette blogg. Dette sier jo en hel del.

Voes blogg er veldig lett å finne fram på. Den er veldig oversiktlig, hvor man kan finne hva man leter etter på et blunk. Når man kommer inn på bloggen blir man møtt med et fint bilde av forfatteren av bloggen, dette gjør bloggen veldig fin, siden bildet er redigert slik at det passer fint til bloggen. På enkelte innlegg synes jeg bildene er litt vel store, dette gjør at det tar litt tid å laste ned bildene, noe som irriterer når man leser underveis. Innleggene handler mye om forfatteren av bloggen sine personlige interesser og erfaringer. Innleggene har gode titler som handler om innholdet i innleggene. Dette gjør at du blir interessert i å lese innleggene. På skrivingen til Voe er det veldig lite og si. Dette er en jente som kan å skrive. Hun har veldig få skrivefeil, og hun går rett på sak i innleggene sine. Hun går på en måte ikke rundt grøten for å si det sånn. Og til slutt, Voe henvender seg direkte til leseren. Hun skriver for å få leseren interessert og man får lyst til å lese videre på innleggene. Gå til Voe's blogg. Tilslutt vil jeg si at Voes blogg er en god blogg som jeg anbefaler alle til å stikke innom å lese på :)

Peace out ! - Sondre tha man